mandag 30. november 2009

Siste nytt

Eg e visst ganske så dårleg til å oppdatere bloggen min... Huff!

Det siste nye:
- Vi har hatt to adventskonsertar, ein i Froland og ein i Grimstad kyrkje. Eg var opplesar i musikalen som vi hadde. Så i Grimstad stod eg på preikestolen og las. Det var litt skummelt, men eg trivdest eigentleg ganske godt der oppe. Hadde god utsikt:) Var ganske nervøs før eg skulle gå opp, men når eg først kom opp og kom i gang var det eigentleg ikkje noko skummelt! Ingenting å vere redd for:)




















- Eg og Eileén held på å døgne. Det er litt travelt akkurat no, for eg er litt trøytt, men trur det skal gå bra! Klokka åtte er det tid for det vekentlege badet i sjøen (ja, eg er med i badeklubb, det er konge!!:D) I dag/natt har vi vore i Arendal, målt kor lange vi er i utstrekt tilstand med linjal. Har du prøvd det kanskje? Vi har plaga dei som lanar med fin pianospeling, og ikkje minst sagt hadet til dei som no er reist til Mali. Det var eigentleg litt trist, får ikkje sett dei på to veker:O Seinare i dag skal vi seie hadet til dei som skal til Japan og Ecuador. Til saman er det ca 20 som reiser, så vi blir litt over tretti igjen her. Det blir kos:)

I det store og det heile så kosar eg meg kjempemykje med å gå her! Eg angrar ikkje i det heile på at eg begynte her. Det er så mange fantastiske folk, eg har lært utruleg mykje om meg sjølv og skulen er herleg!:) Har vore litt mykje kor i det siste, men blir ikkje så mykje no som vi er ferdige med konsertane:)

Og så vil eg gratulere Lene Jeanett med den lisje jenta!:)<3

søndag 27. september 2009

Bibelskule e FANTASTISK:D

Eg storkosar meg på bibelskule i Grimstad:) Er so utruleg mange kjekke folk! Har vore til Danmark på bli- kjent- tur, det var kjekt:) Der budde vi på Skallerup Klit. Eg kosa meg for det meste i badeland, med boblebad, sklie, dampbad og symjebasseng:) Elles blei eg betre kjent med mange, og litt kjent med nokre! Vi var og til Skagen og såg på der hava Kattegat og Skagerrak møtest. Det var fascinerande! Litt shopping blei det og tida til, museumsbesøk og pizzarestaurant. KOSELEG!:) I det store og det heile var Danmark ei kjempefin oppleving, og eg hadde det veldig bra!

Elles har vi litt skule, går turar i skog og mark, spelar spel, snakkar, leikar og kosar oss:)

No har eg haustferie, men merkar at eg vil tilbake til Grimstad!:) Gledar meg veldig til fortsettelsen av året:)

tirsdag 11. august 2009

Bibelskulen i Grimstad neste

Wææ! Tida for at eg skal reise til Sørlandet nærmar seg med stormskritt! Eg grugleda meg. Blir litt rart å ikkje reise tilbake til Framnes, men samtidig er det godt og;) På bibelskulen skal eg gå linja LIV (Ledelse, idrett og vekst), og skal ha fordjupning i idrett:) Eg håpa at mange vil kome og besøke meg:D Då hadde i alle fall eg blitt veldig glad!:)

I sommar har eg blant anna arbeida på rema 1000 i Norheimsund:D (Savna folka der!!:( ), teke sertifikatet:D Jee;) og besøkt litt slekt og venna:) So har det av og til blitt litt tid til soling og bading:D Men kunne gjerne vore meir sol syns eg!

lørdag 13. september 2008

Sjuke:(

No har det seg slik at eg er blitt sjuk.. Det er ikkje noke kjekt! Sete her og er heilt tette i heile meg.. Huffa meg! Men eg håpar det går over snart:) Det gjer det nok, er berre forkjøling;)
Snart er det 1 år sia eg opererte vekk mandlane, då skal eg feire med is og kake trur eg;) Hehe.. Det blir bra:)

tirsdag 19. august 2008

Tilbake på Framnes

Då er vi tilbake:)
Rommet ser nokelunde normalt ut og skulebøkene er utdelte.
Dette året skal eg berre ha 6 fag og eg gledar meg over 14 fritimar i veka:) Eg ser fram til å kome i gang!
Elles skal eg og vere russ i år (Wehei:D) og gledar meg veldig til russetida!:)
Ikkje minst gledar eg meg over alle utruleg herlige folk som er her:D Framnes er ikkje like bra uten dokke!<3<3
I tillegg er eg så heldig at eg har kjæresten rett opp i lia, så det blir nok ein del turar opp dit;) Det blir bra veit du:D Eg trur det her blir eit superdupert år og eg seier berre: WEHEI!!;)

torsdag 26. juni 2008

Summertime=)

Då er det sommar gitt;)
Eg har begynt i jobben min, oo store statoil=) Der får eg oppleve litt av kvart, f. eks: leite etter ein nøkkel i over ein time, fylle bensin til damene, måtte fortelle om og om igjen at vi har rota vekk passordet til "fri sone", bli irritert på filmutleigen som ikkje virkar, må skrive opp hundretusen filmnummer pga at filmutleigen ikkje virkar, steike pølser, hamburgerar o.l ;)
MEN; eg treffe mange kjente som gjerne slår av ein hyggeleg prat, og det er då koseleg=)
Det er berre å stikke innom=D
Det verste som har skjedd i dag: eg kom heim etter ein laaang dag på jobben, skulle slappe av på rommet, men der var ikkje verande! Det stanka av di vår kjære nabo har møka!!:( Ikkje kjekt! Men, no har eg lata igjen glaset og parfymelukta begynner å ta over for den verste lukta!=)
Ha ein fine dag=)=)

onsdag 9. april 2008

Sumar i sikte

Endeleg er sumaren byrja å kome!=) Sola skin og det er varmare i vêret, kjempedeilig!
Diverre følgjer det og med mange prøver og tentamenar før vi kan nyte denne herlege årstida fullt ut. EG ER KLAR!